Avgjerande helg for Stryn

5. divisjon: John Marius Berger og Stryn 2 kan bli kretsmeistrar i 5.divisjon.  Foto: Thomas Thaule

Nyhende

Stryn kjempar om å kvalifisere seg til å delta i neste års NM, medan Stryn 2 går «all in» på å vinne 5. divisjon.

Andrelaget skal først i aksjon når dei møter Jølster heime på Stryn stadion laurdag.

– No går de vel for å vinne 5. divisjon, trenar Geir Inge Rake?

– Det er store mulegheiter no for å bli kretsmeister i 5. divisjon. Jølster blir nok ein tøff kamp i helga då dei kjempar om opprykk. Ungutane våre har hatt ein meget bra sesong, og det viser at det er mykje bra på gang. Dei fleste på laget er 15-17 år, seier Rake.

Stryn 2 toppar 5. divisjon med 37 poeng med to kampar att. Vik på 2. plass har 36 poeng etter kalassigeren 9-1 over Førde 2 fredag. Skavøypoll, Førde 2 og Jølster følgjer like bak.

Søndag tek Geir Inge Rake med seg førstelaget til oppgjeret borte mot Florø 2.

Stryn ligg på 5. plass i Kretsligaen med tre kampar att, seks poeng bak Studentspretten på 4. plass. Rake må klare seg utan Stian Olsbø og Håvard Kroken som er på skuletur, og ein kneskadd Marius Rauset.