Klart for Strynemila

Oppvarming til barnemila 2016.  Foto: Roy Aron Myklebust

Nyhende

Den tradisjonsrike Strynemila går av stabelen laurdag.

I fjor vart det sett ny løyperekord i klassen for damer. Emilie Flo Stavik slo løyperekorden med heile fire minutt og fekk notert tida 37.51. Vinnaren av konkurranseklassen for menn vart eidaren Magnus Skeide Bakke, med ei imponerande tid på 35.39.

Totalt deltok 216 personar fordelt på trim- og konkurranseklasse. Det blir også arrangert ei "barnemil" for dei yngste i Stryn sentrum.