Lesarinnlegg:

Oktoberfesten 2019- post festum

Burgermeisterin Anne Margrete Tonning saman med kusken frå Skjåk i hestevogna under oktoberfest-paraden sist helg.  Foto: Gunnhild Sindre

Nyhende

Eg byrja slanke meg sist måndag! Eg skal kome meg lettare opp i hestevogna til paraden på Oktoberfest neste år.

Den hyggelege kusken frå Skjåk helsa meg, då eg stod og vurderte korleis eg skulle kome meg oppi den flotte doningen utan stigbrett: «Du kjem deg nok oppi i år med! Eg hadde faktisk tenkt å ta med ei lita gardintrapp, men eg tykte den var så stygg!». Han hadde to staute og sterke «lakeiar» som gjekk bak vogna for å sope opp eventuell hestemøkk. Dei vart kommanderte til å løfte «Madammen» opp i den staselege vogna, trekt av eit dobbeltspann, to flotte mørke hestar, (ikkje fjordingar men, men).

«Madamma» hans og ei anna flott jente gjekk framme og heldt i beksla til å byrje med. Tenk at denne stallen frå Skjåk sender to hestar, ei stor vogn og eit mannskap på fem over fjellet, dei var på plass i tolvtida for å køyre Oktoberfestens Burgermeisterin i paraden som varer om lag ein halvtime, og så skulle dei returnere heim att. Sjølvsagt fekk dei honorar, men likevel! Eg tykkjer dei fortener heider og ros. Joviale og i godt humør var dei og, så tidleg på dag! Eg vil dele ut fleire verbale roser med det same.

Ping Pong- gutane har fått mykje heilt fortent ros, men eg vil rose dei og for dei flotte og mange toalettfasilitetane dei hadde fått på plass. Reine og fine toalett og ikkje papirmangel, rett nok var det vel ikkje gutane som hadde ettersyn med dette.

Litt kø var det jo likevel, men det er sosialt å stå i kø. når folk er i så godt humør. Ja, eg vart til og med sjekka opp i dokøen! Ein ung gut sa til meg: "No må du passe deg i trappa, (han såg vel at eg hadde litt for sidt skjørt og trakka oppi det)- er du singel forresten?"

Eg måtte jo berre tilstå at det var eg ikkje! Siste rosa vil eg gje til festdeltakarane frå Olden som tok toget inn til Stryn laurdagskvelden, det tok vel litt tid, men dei skapte utvilsamt godt miljø! Vi sjåast til neste år!

Burgermeisterin Anne Margrete Tonning