Ny løyperekord i Strynemila

Biletet syner Emilie Flo Stavik som måtte gje frå seg løyperekorden til Live Sollid (t.h.). Den nye tida er på sterke 37.41.  Foto: Leif Vinsrygg

Nyhende

Årets Strynemil vart ein ny suksess for friidrettssgruppa i StrynT & I. I fantastisk haustvêr og med femti startande i konkurranseklassen, vart arrangementet ein liten folkefest.

Honndalsjenta Live Sollid sprang inn til ny bestetid, 10 sekund raskare enn i fjor, då Emilie Flo Stavik vann juniorklassen for jenter. Den nye løyperekorden til Live lyder på 37.41. Det må vel reknast som jamt etter eit løp på om lag ei mil!

Aslaug Thingnes Bø var nøgd med innsatsen:

– Ja, eg hadde faktisk betre tid enn i fjor, sa ho til Fjordingen. Ho vann dameklassen.

Skiskyttarlinja var godt representert i konkurranseklassen. Bendik Vereide var raskast, tett følgd av klassekompis og lærar.

I Barnemila stilte over hundre born opp, nokre heilt ned i to år. Då er det godt med ei vaksen hand å halde i gjennom løpet.

Det var litt færre trimmarar i år, men arrangøren var likevel godt nøgd med deltakinga, særleg i konkurranseklassen.

Meir om Strynemila i papiravisa.