Maja på pallen

Maja Fuglestrand Baade vart nummer tre i NM i femkamp.  Foto: Arkiv/privat

Nyhende

Maja Fuglestrand Baade, som til vanleg representerer Olden IL, deltok i NM i femkamp som vart arrangert på Sandane i helga.

Loenjenta tok bronse i klasse 13–14 år. Femkamp er sett saman av 40 meter sprint frå liggande stilling, kulekast bakover, spenst (tre hopp frå ståande stilling), rykk og støt.

Under meisterskapet representerte Maja Breimsbygda IL, då arrangementet var i regi av vektløftarforbundet, skriv Olden IL på si Facebookside.

Julia Jordanger Loen, Breimsbygda, tok gull i si klasse i same meisterskap.