Kraftig provoserte over fylkesutvalet

Fekk nei til forskottering av gangveg

Avtroppande ordførar Sven Flo og påtroppande ordførar Per Kjøllesdal er kraftig frustrerte over at fylkeustvalet totalt avviste Stryn kommune sitt ønske om å forskottere gangveg mellom Loen og Solvik onsdag.

Frustrerte: Sven Flo t.v. og Per Kjøllesdal er kraftig frustrerte over at fylkesutvalet har avvist søknaden frå Stryn kommune om å forskottere gangvegen mellom Loen og Solvik. 

Nyhende

Dei to og Svein Sunde frå Gode Vegar var til stades då fylkesutvalet handsama saka, berre for å oppleve at fylkesutvalet køyrde saka gjennom utan å ville ta pause for å snakke med strynedelegasjonen.