Gode resultat av Steffen

Framleis i form: Steffen Melheim synte gode resultat sist helg.  Foto: Hasse Sjögren DECA Text&Bild (arkiv)

Nyhende

Friidrettssesongen er på hell, men Steffen Melheim frå Olden IL deltok i eit kaststemne på Loggane i Gloppen sist søndag.

Der viste 16-åringen at han har halde på den gode kastformen frå tidlegare i sesongen. Steffen prøvde seg denne gongen med diskos i alle vektklassar: 1 kg, 1,5 kg, 1,75 kg og 2 kg.

– Det vart ikkje personlege rekordar denne gongen, men resultata var likevel av topp nasjonalt og til dels internasjonalt nivå for 16-åringar. I Norge er det berre han sjølv som har kasta lenger i dei ulike vektklassane denne sesongen. Nærast persen var han med 1kg-diskos, der han kasta heile 69,07 meter. Persen frå tidlegare i år er her på 70,23 meter, opplyser Hans Petter Galtung i Olden IL.