Kritisk til relegitimering med pass:

– Lite tillit der ute

For fleire norske bankar er no pass einaste gyldig legitimasjon for å få bank-ID. Gunnar Harstad er blant dei kritiske røystene til ordninga med relegitimering.

Kritisk: - Er verkeleg dette ikkje nok? spør Gunnar Harstad som er oppgitt over at han må skaffe seg pass for å bevise at han er Gunnar Harstad overfor ein bank han har vore kunde i sidan 60-talet.  Foto: Roger Oldeide

Nyhende

Harstad er mangeårig kunde i to bankar. I den eina har han vore kunde sidan 60-talet og i den andre sidan tidleg 80 talet. No fekk han ein tidsfrist for å bevise for bankane sine at Gunnar Harstad er Gunnar Harstad.