Klart for Strynemessa:

Sildakongen er tilbake

Sildakongen, eller Arvid Otto Mørch som han eigentleg heiter, er nok ein gong klar for Strynemessa.

Vender tilbake: Sildakongen Arvid Otto «Sildenskiold» Mørch frå Skudneshavn har vore fleire gongar på Strynemessa, men det er nokre år sidan sist no. Første helga i oktober kan du igjen møte friskusen frå Karmøy og smake på eit rikt utval sildetypar han har med seg i bilen. 

Folk må ete sild ein gong i veka

Nyhende

Friskusen frå Skudneshavn i Karmøy gjorde seg kjent allereie på 70-talet som «Sildakongen», og har kombinert sal av sild- og sjømatprodukt og forkynning av den norske mattradisjonen med underhaldning.