Dagens leiarartikkel

Smalare og rimelegare E39

Positive: Ordførarane Sven Flo i Stryn t.v. og Stig Olav Lødemel i Hornindal er positive til forslaget om redusert vegbreidde og ordinære kryss langs ny E39 Svarstad-Byrkjelo.   Foto: Bengt Flaten

Heile den ferjefrie E39 må revurderast med tanke på breidde, dersom det skal vere realisme i å få prosjektet gjennomført

Nyhende

Den nye E39 som skal byggjast mellom Grodås og Byrkjelo kan bli smalare enn først planlagt samt bygd med vanlege kryss i staden for planfrie kryss. Det er lite dramatikk i dette forslaget. Mange reagerte på kor omfattande arealbehovet vert, då Statens vegvesen la fram dei første skissene som viste ny veg teikna inn i terrenget. Forslaget som no er sendt frå Statens vegvesen, etter bestilling frå samferdsledepartementet, betyr at vegbreidda kan verte redusert frå totalt 12,5 meter til 9,0 meter. Til samanlikning er Kvivsvegen bygd med 8,5 meters breidde.