6. divisjon fotball:

Sterk sesong av Hornindal

Hornindal beit godt ifrå seg i «re-debuten» i 6. divisjon denne sesongen. 2. plass på tabellen til slutt må vere meir enn godkjent.

6. divisjon: Hornindal sitt lag som slo Flatraket/Skavøypoll 2 i siste serierunde: Bak frå venstre: Geir Røberg, Gunnar Grodås, Johan Olav Parr Flo, Oliver Kirkeide Næss, Johannes Navelsaker, Vegard Taklo, Kristoffer Grodås, Håvard Sollid, Antonio Heggen, Tom Øyvind Solheim, Svein Olav Solum og Jan Rune Oppheim. Framme frå venstre: Elias Hopland Johnsen, Stig Magne Aase, Fredrik Myklebust, Darko Stojkovic, Jan Åge Langeset og Martinus Espe.   Foto: hornindal il fotball

Nyhende

Før siste serierunde var det allereie klart at laget ville bli minst nummer to. Honndølene hadde også ein teoretisk mulegheit for å bli nummer ein, men Eid 2 gjorde jobben i sin kamp.

Avslutta med siger

Flatraket/Skavøypoll 2 var Hornindal sin motstandar tysdag heime på eige kunstgras. I ein jamspelt kamp stakk honndølene av med sigeren 3–2. Pauseresultatet var 1-1.

Fredrik Grothaug Myklebust (6. min), Johannes Vervik Navelsaker (56. min) og Jan Åge Langeset (60. min) stod for heimelaget sine scoringar.

Hornindal sitt lag: Oliver Kirkeeide Næss, Kristoffer Grodås, Endre Lødemel, Jan Rune Oppheim, Håvard Sollid, Johan Olav Parr Flo, Fredrik Grothaug Myklebust, Martinus Espe, Antonio Sander Nygård Heggen, Stig-Magne Sørland Aase, Vegard Åshamar Taklo, Tom-Øyvind Solheim, Darko Stojkovic, Johannes Vervik Navelsaker, Jan Åge Langeset, Nataniel Nygård Heggen, Elias Hopland Johnsen, Svein Olav Solum.

Oppstryn nummer tre

Divisjonskollega Oppstryn var ferdigspelt allereie for ei og ei halv veke sidan. Med 6–3 sigeren borte mot Haugen sikra Oppstryn 3. plassen.