Bil totalvrak - men førar uskadd

Ein bil hamna utfor og vart totalvrak, etter ein skrens på glatta ved Vanbergstunnelen mellom Olden og Innvik.  Foto: Politiet

Nyhende

Ein bil fekk skrens på glatta, ved utgangen av Vanbergstunnelen, og hamna i grøfta litt etter klokka åtte laurdag morgon. Bilen vart i følgje politioverbetjent Vidar Stavik totatalvrak, men føraren kom uskadd frå hendinga. Det var ingen andre involvert i utforkøyringa.

- Det var berre politiet som rykka ut. Sjåføren var uskadd og han vart teken hand om av sine eigne, fortel Stavik, som samstunds oppmodar folk om å vere obs på stadvis glatte parti.

- Det kan vere veldig bra å køyre over det meste, men så kan det vere såpeglatt. Særleg mellom Olden og Innvik var det glatt i dag tidleg, seier Stavik.