Skuffa over asfalteringsarbeidet i Randabygda

No er Jens lei av flikkinga

Jens Rauschenbach er oppgitt over asfalteringsarbeidet som er gjort på den kommunale vegen ned til Hopland kai.– Kvifor gjer ein slik flikking år etter år, i staden for å gjere det skikkeleg, spør Rauschenbach.

Oppgitt: Jens Rauschenbach syner med metallekta kor ujamn vegbana er nedanfor huset. Den nye asfalten vart lagt rett på den gamle, utan forsøk på å jamne ut først. – Slik har det vore gjort sidan eg flytta hit for 14 år sidan, seier han oppgitt. 

Nyhende

For 14 år sidan busette han seg med familien i eit av dei nedste husa på Hopland, like ved kaia. Rett ved huset går den kommunale vegen som nyleg fekk nytt asfaltdekke - eller i alle fall delvis. Rauschenbach møter oss utstyrt med målband, vater og metallekte.