På Raftevold har dei målt nedbør sidan 1895 – snart er det slutt

Sverre Raftevold (57) er 4. generasjon på garden i indre Hornindal som måler nedbør for Meteorologisk Institutt. Til våren er det slutt på den manuelle målinga og han kjem ikkje til å sakne det.

Rutine: Sverre Raftevold er fjerde generasjon nedbørsmålar på Raftevold gard. Her har nedbør i form av regn og snø vore målt heilt sidan 1895. No går Sverre inn i sin siste haust og vinter med manuell måling. Til våren blir vêrstasjon på Raftevold automatisert, og bra er det, meiner Sverre.  Foto: Roger Oldeide

Nyhende

– Nei, det bind ein opp. Målingane skal vere sendt kvar dag før klokka åtte, uansett vêr eller kva anna eg har å gjere. Eg har ikkje vore på ferie sidan eg begynte med dette, seier Sverre Raftevold.