Kretsligaen:

Stryn har noko å revansjere

Meir jubel? Stryn og Ruben Garlid håpar på nettsus når Bremanger kjem på besøk i det som er sesongens siste heimekamp.   Foto: Sigrid Heggestad

Nyhende

Sesongen nærmar seg slutten i Kretsligaen i fotball. Laurdag spelar Stryn sesongens siste heimekamp.

Bremanger er motstandar på stadion, og bortelaget har mykje å spele for. Laget står med begge beina godt planta i nedrykksstriden og er nesten avhengig av tre poeng mot Stryn. Heimelaget på si side har framleis sjanse på 4. plassen og vil også revansjere 1-2 tapet mot Bremanger i vårsesongen.

– Tanel Melts (ankel) og Marius Rauset (kne) er ute resten av sesongen. Elles er resten klare til kamp mot Bremanger. Vi er inne i ein god periode no. God flyt og positivitet. Viktig å ta med oss dei positive opplevingane inn mot dei to siste kampane, seier Stryn sin trenar Geir Inge Rake til lokalavisa.