Stryn i haustform valsa over Bremanger

Mykje av dette: Stryn jublar etter ein av sine sju scoringar mot Bremanger.  Foto: Stig Høynes

Nyhende

Bremanger hadde mest å spele for då dei vitja Stryn laurdag. Kystlaget kjempar med nebb og klør i nedrykksstriden i Kretsligaen, og trengte sårt poeng. Men kampen var ikkje gammal før ein skjønte at her ville det helst bli snakk om å avgrense tapet mot eit Stryn i haustform.

Allereie etter 12 minutt var det leiing til heimelaget, og til pause hadde Stryn putta på ytterlegare tre scoringar. Bremanger var rett nok først ute med nettkjenning i den andre omgangen, men deretter var det dei raude som stod for det meste av spel og alt av scoringar.

Totalt vart det sju til Stryn og med det eine til Bremanger. Vegard Sæten Hopland scora tre,  Ole-Ivan Glosvik Espeland eitt, Johannes Garlid Tenden eiitt, Mathias Garlid eitt og Vegard Vatn Øvreberg eitt mål. Kim Christian Liset scora for Bremanger.