To frå landslinja i Stryn til ungdoms-OL

OL-klare: Emil Hage Streitlien og Gunn Kristi Tvinnereim frå landslinja i skiskyting i Stryn kan gle seg til ungdoms OL i Lausanne i januar.  

Nyhende

Gunn Kristi Tvinnereim (17), Hardbagg IL, og Emil Hage Streitlien (17), Folldal IL, er begge skiskyttarar og begge er elevar ved landslinja ved Stryn vidaregåande skule. No har dei endå ein ting til felles, dei er begge tekne ut til ungdoms-OL i Lausanne i januar 2020.