Skjåk vert hardt råka om kraftskatteutvalet si innstilling går igjennom:

Kan misse nær 40 årsverk

Om forslaget frå kraftskatteutvalet går igjennom, vil det få dramatiske konsekvensar for kommunane i Nord-Gudbrandsdalen. Alle er dei kraftkommunar, men Skjåk er i ei særstilling.

Største: Rauddalsdammen er kanskje det største «såret» etter vasskraftutbyggingane i Skjåk   Foto: Bengt Flaten

Nyhende

I Skjåk vil tapte kraftinntekter utgjera om lag 27 millionar kroner årleg. Omrekna til stillingar vil det utgjera nær 40 årsverk.