Haustferien avrundar første sesongen

Satsar på 7.000 i Hydlaparken

Tala per 1. oktober syner ca 6.500 besøkjande. Med gode vêrutsikter for haustferien har drivarane av klatreparken god tru på at ein kan nå 7.000.

Omlag 7.000: Når Hydlaparken stenger etter sin første sesong har kring 7.000 besøkt klatreparken. Kring 20 prosent av omsetnaden kjem frå dei med årskort. Elles har omlag 15 nasjonar vore innom parken denne sommaren. 

Nyhende

– Vi opna 22. juni, så det er eit par månader mindre enn ein vanleg sesong, så vi er veldig nøgde, seier Rasmus Endre Bø.