Mot thrilleravslutning i Sverige:

Solheim og Hammarby på medaljejakt

Spennande innspurt: Mats Solheim og Hammarby spelar om medaljar i Allsvenskan.  Foto: hammarbyfotboll.se

Nyhende

Mats Solheim og Hammarby har for alvor blanda seg inn i tetstriden i Allsvenskan i fotball. Fire rundar før slutt ligg Solheim og lagkameratane på 3. plass, etter 5–1 sigeren heime mot Örebro måndag. Der kom også Mats Solheim på scoringslista då han sette inn 5–1 på overtid.