Fjelljomfestivalen

Syttenåring fekk Bolstadprisen

Bolstadprisen: Åsmund Arnesen Farstad fekk Bolstadprisen 2019. Her står han saman med Ingrid Heieren, leiar i kulturavdelinga i Stryn kommune, som stod for utdelinga av prisen. Det er Spelemannslaget Fjelljom som har teke over utdelinga av det som før heitte Emil Bolstads legat. Til gåvesjekken på 20.000 følgde også diplom. 

Nyhende

Laurdag og søndag stod i folkemusikken sitt teikn på Fjelli. Festivalen inneheldt kurs i kveding, munnspel, dans og spel på fele og hardingfele. Temakonserten denne gongen var knytt til felespelarane frå Randabygda, Matias Tvinnereim og Per M. Skrede. Begge var i si tid med på å skipe Spelemannslaget Fjelljom. Arne M. Sølvberg batt temakonserten saman og fortalde om dei to og om slåttane dei brukte mykje. Om kvelden arrangerte Fjelljom konsert og dans i Fjellvarden. Der stilte kurslærarane på scena og gav publikum ein flott og variert konsert.