Markering ved Vikane omsorgssenter:

Tilsette i kommunen i 50 år

Lise Skåden og Solveig Hammer var dei to hovudgjestane på Haustfesten til Vikane Omsorgssenter sist tysdag. Dei går over til pensjonisttilværet etter heile femti år som hjelpepleiarar og omsorgsarbeidarar i Stryn kommune.

To heiderskvinner: Lise Skåden (t.v.) og Solveig Hammer har vore tilsett i Stryn kommune i femti år. Omtrent utan sjukefråvær. – Vi gjekk nattevakt åleine med heile 48 pensjonærar på den gamle sjukeheimen. Vi var berre 17 år. Og tekniske hjelpemiddel kjende vi ikkje til. Det var rein handemakt som rådde. fortel dei. 

Nyhende

– Det er heilt unikt at dette skjer, at to medarbeidarar i Stryn kommune har vore stabile i same yrke så lenge. Det vil truleg ikkje skje på nytt, sa personalsjef Torfinn Moen, etter at leiaren ved Vikane omsorgssenter, Grethe Hilde hadde ønska alle velkomne.