Strynemessa:

Tre minutt med allsongstemning

Sjølv om Vidar Villa og bandet sytte for god stemning og gjorde ein flott opptreden, var det Mads Hansen som stal showet.

Høgdepunkt: Sjølv om Vidar Villa og bandet var dyktige til fingerspissane var det eit merkbart stemningsskifte då Mads Hansen kom på scena og song sin store, men einaste hit, Sommerkroppen. Det var «stinn brakke» frå kafeen og fram til scena då dei to artistane avslutta årets Strynemesse. 

Nyhende

Sidan Mads Hansen gav ut låta Sommerkroppen for halvtanna år sidan, har han reist land og strand og skapt allsangstemning og furore. I dryge tre minutt vel og merke. Hansen er vel det beste eksempelet Norge har på eit one-hit-wonder. Knapt halvvegs i konserten entra han scena til stor jubel og tok sin store, men einaste hit. Han har heller ingen planar om å utvide repertoaret.