Let seg hypnotisere på Strynemessa:

Vart dritings, miste taleevna og vart til hund

Kjell Sunde Haugen og Anton Andre Sande stod for mykje god underhaldning utan å vite det, då dei let seg hypnotisere framfor mange hundre i Strynehallen.

Vart til hund: Kjell Sunde Haugen er blitt til hund og hundeeigar Anton André Sande skal prøve å lære han triks. Torgrim Holte (t.v.) fekk dei to karane til å gjere dei raraste ting i hypnoseshowet. 

Nyhende

Utplukking: Det kom mykje folk på hypnoseshowet laurdag, men ikkje alle var like ivrige etter å bli med på scena og la seg hypnotisere. 

Den kjende hypnotisøren Torgrim Holte frå Volda, som gjennom mange år har underhalde både i inn- og utland, fekk åtte frivillige på scena. Etter ei stund var det berre Sande og Haugen som stod att, djupt inne i hypnosen.