Visnes ut av raudsona:

Friskmelder Visnes

Grunna høg skredfare har det vore byggjeforbod på Visnes sidan 2014. NVE slår no fast at Visnes er så trygt at byggjeforbodet blir oppheva.

Nytt skredkart: – Frå 2014 har det vore store byggjebegrensingar på Visnes, no er begrensinga oppheva, opplyser kommunalsjef i Stryn kommune, Jan Flore.   Foto: Roger Oldeide

Nyhende

NGI (Norges geotekniske institutt) fastslo i ein rapport frå juli 2014 at Visnes var rasutsett i tryggleiksklasse S1 som betyr at ein ikkje får løyve til å byggje bustadar grunna skredfare. På bakgrunn av dette søkte Stryn kommune NVE (Norges vassdrags- og energidirektorat) om stønad til skredsikringstiltak på Visnes.