Idretten får auka momskompensasjon

Løyvinga til momskompensasjon i frivillig sektor blir auka til 1,7 milliardar kroner i forslaget til statsbudsjett for 2020.

Illustrasjonsfoto 

Nyhende

I tillegg blir det lagt opp til at støtta blir auka ytterlegare slik at ordninga vil ha ei ramme på 1,8 milliardar i statsbudsjettet for 2021.

I forslaget til statsbudsjett kjem fram det at løyvinga til ordninga med momskompensasjon blir auka med 92,4 millionar kroner frå 2019 til 2020.

President i Norges idrettsforbund, Berit Kjøll, uttalte før helga at ho hadde store forventningar til momskompensasjonen i statsbudsjettet for neste år.

Kjøll meiner idretten har gått glipp av eit tresifra millionbeløp som følgje av avstanden mellom ønskt kompensasjon og den faktiske ramma i 2019, og ho forventar "ein tydeleg opptrappingsplan på momskompensasjon for varer og tenester i statsbudsjettet".

(©NPK)