Statsbudsjettet:

Ingen oppstartskroner til Stad skipstunnel

Eit samla næringsliv på kysten er svært skuffa over at det ikkje ligg inne oppstartmidlar til Stad skipstunnel i statsbudsjettet for neste år. – Vi hadde store forventningar til at regjeringa ville gi det endelege klarsignalet til bygging av Stad skipstunnel etter at Kystverket fekk ned kostnadene i prosjektet, seier Rolf Domstein (styreleiar) Jenny Følling (fylkesordførar SFJ) frå styringsgruppa for Stad skipstunnel i ei pressemelding.

Ikkje på budsjettet: Oppstartsmidlar til Stad skipstunnel ligg ikkje inne i årets statsbudsjett, til stor skuffelse for styringsgruppa og næringslivet.   Foto: Stad skipstunnel (illustrasjon)

Nyhende

– Vi trudde òg at regjeringa ville følgje opp Nasjonal transportplan (NTP) (2018-2029) som dei vedtok i 2017. Vi vart også styrkte i trua då samferdselsminister Jon Georg Dale ivalkampen, lova at han ville innfri valløftet sitt om å jobba for realisering av Stad skipstunnel. No er det på tide med handling og ikkje fleire utsettelser for Stad skipstunnel prosjektet! Stad skipstunnel er ei investering i det Noreg skal leva av i framtida, seier Domstein og Følling.