Kan bli slutt på berekraftig laksefiske på Vestlandet

Villaksbestandane på Vestlandet er kraftig reduserte, ifølgje ein ny rapport. Det kan bety slutten på berekraftig laksefiske på Vestlandet, ifølgje seniorforskar.

– Det kan bli frykteleg vanskeleg å fortsette eit berekraftig fiske, særleg i indre fjordstrøk på Vestlandet, om villaksbestanden held fram å minke, seier seniorforskar Torbjørn Forseth ved Norsk institutt for naturforsking (NINA) og leiar for Vitskapleg råd for lakseforvalting til Bergens Tidende. (Illustrasjonsfoto.)  Foto: Arkiv

Nyhende

– Det kan bli frykteleg vanskeleg å fortsette eit berekraftig fiske, særleg i indre fjordstrøk på Vestlandet, om villaksbestanden held fram å minke, seier seniorforskar Torbjørn Forseth ved Norsk institutt for naturforsking (NINA) og leiar for Vitskapleg råd for lakseforvalting til Bergens Tidende.

Bakgrunnen for ytringa er den ferske tilstandsrapporten for vill laksefisk frå Vitskapleg råd for lakseforvalting. Der kjem det mellom anna fram at det er lakseoppdrett som er hovudårsaka til tilbakegangen på Vestlandet. Både rømt oppdrettsfisk og lakselus utgjer store trugslar mot villaksbestandane.

Færre fisk i fleire fjordar

– Situasjonen i Hardangerfjorden har lenge vore slik at det nesten ikkje har vore haustbart overskot av laks å fiske på, og fisket her har ofte vore stengt. No ser vi at effekten av lakselus òg slår kraftig inn i Sognefjorden og på delar av Sunnmøre, seier Forseth.

Ved ein normalsituasjon skal så mykje som 70 prosent av laksen som kjem tilbake, vere såkalla haustbart overskot. I fjor var det i mange elvar i Sognefjorden berre 10 til 20 prosent av laksen som kom tilbake, ein kunne fiske.

Jeger- og fiskarforbundet vil ha handling

– No må Ola Elvestuen på bana og ta ein skikkeleg fight for villaksen. Han har ansvaret for dei ville laksefiskane, men blir overkøyrd av næringsinteressene i eiga regjering, seier informasjonssjef Espen Farstad i Norges Jeger- og Fiskerforbund i ei pressemelding.

– Rapporten peikar på at dei viktigaste årsaka til tilbakegangen i stor grad er relaterte til oppdrettsverksemd. Det er lakselus og genetisk forureining frå rømt oppdrettsfisk som er dei mest uttalte trugslane. I tillegg påpeikar rapporten at infeksjonar frå oppdrettsverksemd er blitt ein reell trugsel mot villfisken. Denne utviklinga kan ikkje halde fram. Vidare vekst i oppdrettsnæringa må baserast på ei miljømessig berekraftig drift, seier han.

Rapporten peikar også på at infeksjonar, vasskraftregulering, pukkellaks og klimaendringar utgjer trugslar mot villaksen.


(©NPK)