Med ein god handel for Øye

Folka i Øye Maskin gledde seg over finvêret og god respons på standen ved landbruksutstillinga.

Rikhaldig: Landbruksutstillinga på Strynemessa 2019 baud på fleire og meir varierte utstillarar enn på lenge i følgje arrangøren. Mellom dei var Øye Maskin AS frå Vartdal. F.v. Nils Arne Øye som starta verksemda for 42 år sidan, kona Rigmor og dagleg leiar, sonen Johnny Øye. 

Nyhende

Nils Arne Øye var den som skipa bedrifta tilbake i 1977. I dag er det sonen, Johnny, som er dagleg leiar. Men både Nils Arne og kona Rigmor stiller på når det er Strynemesse.