Meir nattestenging på fv 5724 Olden-Briksdal

Nyhende

Fv 5724 blir nattestengt for større køyretøy ved Gytri i Oldedalen også komande veke. Vegen blir stengt mellom kl. 21.00 og 06.00 frå natt til måndag 7. til og med natt til fredag 11. oktober. Personbilar kan passere.

Det skal gjerast sikringsarbeid i ein skråning langs vegen og det førar til innsnevring. Utrykkingskøyretøy kan passere på kort varsel gjennom heile perioden. Det er fri ferdsel på fv 5724 på dagtid, opplyser Statens vegvesen i ei pressemelding.