Politiet får fleire årsverk

Regjeringa foreslår i statsbudsjettet for 2020 å løyve 100 millionar kroner for å auke bemanninga i politiet.

Illustrasjonsfoto  Foto: Gunnhild Sindre

Nyhende

Slik vil regjeringa nå målet om to politiårsverk per 1.000 innbyggarar neste år. Justisdepartementet opplyser at 170 nyutdanna politistudentar kan tilsetjast neste år, ut over dei som erstattar avgangar i etaten.

I tillegg vil regjeringa løyve 150 millionar kroner som følgje av heilårsverknaden av nye politistillingar i 2019.

Politiet får til saman om lag 350 millionar kroner, og regjeringa vil gi politidistrikta større økonomisk handlingsrom.

Det ligg òg ei forventning i budsjettet om at politiet skal effektivisere i 2020.

(©NPK)