Regjeringa løyver 9,3 millionar meir til språk

I forslaget til statsbudsjett for 2020 aukar regjeringa løyvingane til språk med 9,3 millionar kroner. Det gir millionauke i budsjettet til både ordboksarbeid, Det Norske Samlaget, Nynorsk pressekontor og Landssamanslutninga av nynorskkommunar.

Kulturminister Trine Skei Grande styrker språksatsinga.  Foto: Berit Roald / NTB scanpix / NPK

Nyhende

– Regjeringa arbeider for å verne og fremje språk som uttrykk for vår felles kultur og identitet, og som infrastruktur i samfunnet vårt. Med denne satsinga får vi realisert fleire viktige språktiltak, frå styrking av nynorsk og minoritetsspråk, til ordboksarbeid og forvaltning av stadnamn som språklege kulturminne, seier kultur- og likestillingsminister Trine Skei Grande i ei pressemelding.