Småkraftforeninga fryktar kraftverk på billegsal

Dersom dei føreslåtte endringane i skattlegginga av kraftverk vert vedteke, kan det føre til fleire konkursar, meiner Småkraftforeninga.

Småkraftforeninga fryktar mange vil gå konkurs dersom det nye forslaget til skattlegging vert vedteke. Illustrasjonsfoto.  

Nyhende

Forslaget som vart lagt fram av eit ekspertutval inneber mellom anna å heve grunnrenteskatten frå 37 til 39 prosent, og at fleire småkraftverk skal betale grunnrenteskatt, skriv NRK Sørlandet.