Denne veka kjem «Disco» med Josefine frå SKAM:

Storfilm til Stryn - Unni Løvlid på rollelista

Når filmen DISCO rullar over filmlerreta i desse dagar, med første visning i Stryn torsdag, er det med ein honndøl på rollelista.

Josefine Frida frå SKAM t.v. spelar hovudrolla i DISCO, der Unni Løvlid frå Hornindal også er på rollelista. - Eg er ekstremt imponert over den jobben Frida Josefine gjer. Ho er så profesjonell, og eit flott menneske. Det blir spennande å følge karriera hennar vidare! seier ho.  Foto: Fotomontasje

Nyhende

Unni Løvlid har rolle som kor- og menigheitsmedlem i filmen, og syng mellom anna Gjendines bådnlåt solo i ei av scenene.

Strålande kritikkar

Filmen DISCO har fått strålande kritikkar med terningkast 5 over «heile fjøla». Særleg får hovudrolleinnehavar Josefine Frida (Pettersen), kjend som Noora i SKAM, skryt.

– Imponerande spelt av Josefine Frida. ... Overraskande og meir og meir skremmande, skriv magasinet Hollywood Reporter.

Historia handlar om Mirjam, verdsmeister i disco freestyle, som er vaksen opp i ei moderne frikyrkje der stefaren hennar er pastor.

– Eg har valt å fortelje historia om Mirjam i miljø som står i kontrast til kvarandre, men som samtidig har likskapstrekk. Særeigne og sterke, men innad har miljøa eigne normer som er framande for omverda. Handlinga er eit lappeteppe av verkelege hendingar, seier regissør. Jorunn Myklebust Syversen.

– DISCO handlar om å ikkjebli sett for den du er, og forsøket på å bryte ut.

SKAM-stjerne: Josefine Frida, kjend frå SKAM, spelar hovudrolla. «Imponerande spelt av Josefine Frida!», skriv magasinet Hollywood Reporter.   Foto: Mer Film

- Ekstremt imponert

Unni Løvlid frå Hornindal, folkesongar og førsteamanuensis ved Norges Musikkhøgskole, er med i filmen.

– Korleis kom det i stand?

– Eg vart kjent med regissøren gjennom Sagene skole og barna våre. Eg såg den forrige filmen hennar, Hoggeren, og syns den var så utruleg sterk at eg måtte sjå den to gongar. Eg likar måten ho jobbar på, og dei temaene ho tar opp i filmane sine. Så då ho foreslo at eg skulle gjere ei lita rolle i denne filmen, var det berre å kaste seg med.

– Korleis har det vore å vere på filmsettet?

– Journn Myklebust Syversen er utruleg flink til å få oss skodespelarar til å gå inn i rollene, og ho gjev oss store rom og tillit. I filmen er eg del av ei streng akademisk menigheit, som hovudpersonen etterkvart blir del av. Eg har ei scene der eg syng Gud Fader mig så underlig/Gjendines bådnlåt, og elles er eg med i koret, utfører ulike ritual, og så er der nokre ganske skumle nattscener som de må gå på kino for å få vite meir om...12 års grense!

– Korleis var det å jobbe med filmcrewet og kanskje spesielt Frida Josefine?

– Det var utruleg lærerikt å få vere ein liten del av ein så stor film. Det er mange mennesker involvert, ein enorm logistikk, og eit stort apparat av profesjonelle folk i alle ledd. Vi brukte ei veke på å filme dei scenene eg er med på, m.a ute på Ostøya. Eg er ekstremt imponert over den jobben Frida Josefine gjer. Ho er så profesjonell, og eit flott menneske. Det blir spennande å følge karriera hennar vidare!