Tapte KM-tittelen på overtid

Svært nærme: Stryn 2 var svært nærme å kunne juble over krinsmeistertittelen i 5. divisjon, men det glapp på overtid mot Studentspretten. Her frå ein tidlegare kamp i år, med laget sin toppscorar John Marius Berger og Aron Kristiansen. Berger var ikkje med i sesongavslutninga.  Foto: Stig Høynes

Nyhende

Før den avsluttande serierunden i helga leia Stryn2 femtedivisjon med eitt poeng på Vik. Med siger i den siste kampen, borte mot Studentspretten i Sogndal, ville krinsmeistertittelen vere sikra utan å vere avhengig av resultatet i kampen mellom Vik og Skavøypoll.

Alt såg lyst ut til det stod att fem minutt av kampen. Stryn2 leia komfortable 4-2 mot laget frå Sogndal. Men eitt mål i det 85. minutt og eitt utlikningsmål på overtid, i det 91. minutt skulle øydeleggje for strynejubelen. For Vik klarte på si side å ta tre poeng borte mot Skavøypoll, og sikra såleis krinsmeistertittelen med eitt poengs margin.

Stryn enda opp med 41 poeng og Vik 42, og var forøvrig dei to klart beste laga i divisjonen. Skavøypoll vart tredjemann med 31 poeng.

- Akkurat no er det ganske kjedeleg. Vi har vore det beste laget stort sett gjennom heile sesongen, og då er det ekstra kjedeleg at det ryk på overtid mot eit lag vi skal slå, seier Emil Allesøe, som var med og leia laget i sesongavslutninga.

Allesøe er elles svært tilfreds med jobben det unge mannskapet har gjort denne sesongen, og peikar på eit litt anna bilde i år samanlikna med fjoråret.

- Kampar vi tapte med eitt mål i fjor, har vi i år vunne med 4, 5 og 6 mål. I fjor redda vi oss frå nedrykk i dei siste seriekampane, og i år ryk kretsmeistertittelen på overtid. Laget vi har hatt i år er stort sett det same som i fjor, med unntak av nokre spelarar som har spela mer A-lagsfotball og mindre for 2. laget. Mange av de "faste" andrelagsspelarane viser no at dei virkeleg er klare for å kjempe om ein plass for A-laget, seier Allesøe som har trena laget saman med Hallvard Skrede.