Eit lita Flo-pasning i helsinga til fylkestinget i Loen

Ordførar Sven Flo frå Stryn heldt velkomsthelsinga då fylkestinget i Sogn og Fjordane for siste gong var samla i Loen. Han ønskte politikarane lukke til inn i det nye Vestland fylke, men passa samstundes på å sende eit lite spark til fylkesutvalet som sa nei til å la Stryn kommune forskottere gangveg Loen-Rake/Solvik.

Sven Flo helsa fylkestinget og sende samstundes avgarde ei lita Flo-pasning i retning fylkesutvalet.   Foto: Gunnhild Sindre

Nyhende

–De har ein viktig jobb framfor dykk, men også mange mogelegheiter når vi går over i Vestland fylke. Vi er, om vi vil eit fylke med eit stort potensiale. De har mange strenger å spele på og mogelegheiter til å skape positivitet, framtidstru og utvikling, sa Flo, som elles uttrykk for at han håpar ein slepp ein ny strukturdebatt omkring dei vidaregåande skulane, no når kommunane og fylket står i med den største omstillinga sidan 60-talet.