God kvalitet på kåringssjået i Stryn

- Bra kvalitet, og gode brukseigenskapar, var kommentaren frå dommarane etter kåringssjået i utstillingshallen som no har fått nytt tak.

Toppdyr: Eli Folven hadde dei to beste av rasen Norsk Kvit Sau.  Foto: Inge Fænn

Nyhende

14 sauebønder møtte med det beste dei hadde av verlam. Jakob Hammer hadde dei tre beste sjeviotlamma. Dei som har mange utstillingar bak seg, kan ikkje hugse at det har skjedd tidlegare at same eigar har reist med dei tre beste i klassen.