Game-session på Strynemessa

Mange ville sjå Kattekryp

Å få profilerte aktørar frå You-tube til å sitje framfor publikum og spele dataspel, vart for andre gong prøvd ut på messa til stort hell. I år var det Kattekryp som samla store og små til game-session.

Kattekryp: Christoffer Mathisen, som han eigentleg heiter, var svært glad for at så mange møtte opp til game-session på Strynemessa. Dei frammøtte fekk kome med spørsmål og innspel. 

Her var det kjempekoseleg. At det var så mange som møtte var ekstra artig

Nyhende

Gjennom ein liten time fekk dei frammøtte sjå og høyre «You-tuberen» med nær 75.000 abonnentar spele Minecraft. Dette medan han kommuniserte med publikum og tok imot tips om kva han burde gjere undervegs i spelet. Mang ein lærar kunne nok kjent på eit snev av misunning, om dei såg den lydhøyre og disiplinerte forsamlinga som sat benka i Strynehallen laurdag føremiddag. Her var det hand i været og tolmodig venting på tur.