Trafikktryggingsprisen til Audun Heggestad

Audun Heggestad fekk Trafikktryggingsprisen for Sogn og Fjordane for sitt mangeårige arbeid for trafikktrygging, særleg mot skular og barnehagar.   Foto: Gunnhild Sindre

Nyhende

Audun Heggestad er tildelt Trafikktryggingsprisen for Sogn og Fjordane for 2019. Tildelinga skjedde under fylkestinget i Loen tysdag føremiddag.

Leiar av fylkestrafikktryggingsutvalet (FTU) Noralv Distad viste til at Heggestad har gjort ein stor innsats i trafikktryggingsarbeidet i Sogn og Fjordane gjennom mange år. Gjennom arbeidet sitt i Trygg Trafikk har han vore synleg, tydeleg og aktiv for å fremje arbeidet med trafikktrygging, særleg mot skular og barnehagar.

- Heggestad har arbeidd med trafikktrygging ved å vere til stades for og møte folk på ein positiv måte. Han har hatt ei praktisk tilnærming blant anna ved utdeling av effektar knytt til trafikktrygging, og visualisering av situasjonar som kan oppstå, sa Distad.

– Uventa, overraskande og ikkje minst veldig kjekt, sa prisvinnaren då han entra talarstolen for å takke for pris og gode ord.

Audun Heggestad har hatt jobben i 35 år, og fortalde at det har vore stor utvikling i korleis organisasjonen har jobba, frå utsending av mange tonn papir til dagens teknologiske mogelegheiter som gjer at informasjon kjem raskt ut via e-post og data.

- Oppgåva har vore å få ned trafikkulukkene, både i landet og i Sogn og Fjordane, og både via opplæring og informasjon, sa Heggestad.

Trygg Trafikk driv opplæring og er kompetansesenter for lærarar.

-  På informasjonssida har Trygg Trafikk kommentert og prøvd å ha oversikt over ulukkene. Vi har ført heilt nøyaktig statistikk og hatt denne som det store bakteppet, fortalde Heggestad, som viste til at ein på 80-talet var oppe skremmande høge tal med 18 omkomne i løpet av eitt år.

- Vi har ein 0-visjon, null drepne og null skadde, det er ein visjon vi vonar kan bli innfridd ein gong, sa Heggestad.

Talet på omkomne i trafikken går ned, og er nede i eit snitt på 5,6 for dei siste 10 åra.

- Men målet er å kome ned i null, understreka Heggestad.

Prisvinnar Audun Heggestad flankert av FTU-leiar Noralv Distad t.v. og fylkesordførar Jenny Følling.   Foto: Gunnhild Sindre

Han fortalde elles at han gler seg over at dagens vordande småbarnsforeldre nyttar seg av informasjonen til Trygg Trafikk og går inn og leitar etter det beste tryggingsutstyret for å sikre den nye verdsborgaren i bil.

Prisvinnaren takka for det gode samarbeidet med Statens vegvesen og FTU, fylkestrafikktryggingsutvalet, og sa at organisasjonen set stor pris på at også det nye fylket skal ha eit FTU  som Trygg Trafikk kan vidareføre samarbeidet med.

Han fortalde også om ulike utfordringar som kjem med nye elektriske transportmiddel for mjuke trafikantar, og hadde ikkje minst ei klar melding til alle som ferdast på vegane:

- Når vi køyrer bil skal vi ikkje snakke i mobiltelefon. Punktum.