Kurs og konsertar:

Vellukka Fjelljomfestival

Fredag og laurdag gjekk det i folkemusikk på Fjelli. Spelemannslaget Fjelljom skipa til kurs i kveding, dans, munnspel og spel på fele og hardingfele, og om kvelden var det konsert og dans.
Nyhende

Festivalen samarbeider med Sogn og Fjordane Folkemusikklag sitt rekrutteringsprosjekt/TØFT og får økonomisk stønad frå Norsk musikkråd, FolkOrg/Frifond og Stryn kommune. Dei ulike kursa gjekk laurdag ettermiddag med bra oppslutnad.