Berger vart Stryn 2 sin toppscorar

John Marius Berger vart Stryn 2 sin toppscorar denne sesongen.  Foto: Stig Høynes

Nyhende

John Marius Berger vart Stryn 2 sin toppscorar i årets 5. divisjon i fotball. Spissen sette inn 14 mål.

Lagkamerat Johannes Garlid Tenden følgde like bak med 12 nettkjenningar.

Joachim Refvik frå Selje vart toppscorar i divisjonen med 20 scoringar. Stryn 2 enda til slutt på 2. plass i serien, eitt poeng bak Vik som vart krinsmeister.