– Lovlege elsparkesyklar har ikkje sete

Ein lovleg elsparkesykkel har ikkje sete og går ikkje raskare enn 20 kilometer i timen.  Foto: Gorm Kallestad

Nyhende

Ikkje alle typar elsparkesyklar som vert selde og brukte her i landet, oppfyller krava for å bli definerte som sykkel, opplyser Statens vegvesen.

Etter at det blei tillatt med elsparkesykkel i Norge, har utvalet blitt enormt. Staten vegvesen vil presisere at elsparkesyklar med høgare fart enn 20 km/t eller med sete, ikkje går inn under definisjonen av sykkel. Den kan ikkje nyttast i sykkelfelt, på gang/sykkelvegar, fortau eller andre stader som er reservert syklande og gåande.

All køyring med sparkesykkel over 20 km/t krev at det er teikna ansvarsforsikring og at køyretøyet oppfyller ei rekke tekniske krav. Det kan også vere krav til førarkort, hjelm, registrering med meir, skriv Vegvesenet på nettsidene sine.

Elsyklar som er innretta slik at hjelpemotoren gir kraft også ved fart over 25 km/t, eller som har framdrift berre ved motorkraft også over 6 km/t, er ikkje lenger ein sykkel, men moped. For at du skal kunne bruke ein moped på lovleg måte, må du følgje alle bruks- og tekniske krav som følgjer av denne køyretøygruppa.

Ulovleg bruk av elsparkesyklar og elsyklar vil kunne medføre førelegg, bøter, utsetjing av retten til å ta førarkortet m.m.

(©NPK)