Innovasjonspris til Globalskolen

Globalskolen, som underviser norske born busett i utlandet, vart under den store teknologiskonferansen CanvasCon i Barcelona tildelt ein pris for å vere mellom dei mest innovative skulane i Europa.

Mottok pris: Frå v. Sverre Leivdal (dagleg leiar), Lars Arne Muren (lærar), Lilli Brenne Røv (rektor) og Bjørn Teistung (lærar).   Foto: Globalskolen

Nyhende

Globalskolen byrja samarbeidet med Canvas for knapt 3 år sidan og har brukt plattformen til å undervise skulens omlag 1400 elevar dei siste 2 åra.

Globalskolen har hovudkontor i Volda, men nokre av lærarane arbeider frå heimekontor ulike stader i Norge. Elevane er norske born busett i utlandet.

Dette er born av nordmenn som i ein periode av livet bur og arbeider utanfor landets grenser. Elevane bur i over 100 ulike land, fordelt på omlag 20 ulike tidssoner.