Vil ha erstatning frå kommunen:

Meiner eigedomen blir nytta som lagringsplass

Indignert nabo har retta erstatningskrav mot kommunen i høve opparbeiding av Løvland bustadfelt

Illustrasjonsfoto Løvland bustadfelt er under opparbeiding og skal etter planen vere ferdig til komande sommar. Feltet skal gi plass til 50 nye bueiningar  Foto: Roger Oldeide

Nyhende

Hornindal kommune har mottatt varsel om erstatningskrav grunna det ein nabo til Løvland bustadfelt meiner er fleire tilfelle av inngrep på privat eigedom i høve opparbeiding av bustadfeltet.