Ungdomane med innspel til sentrumsplanen:

Vil ha hybelhus og badeplass

Mina Flo Håvik (16) var ein av to ungdomar som på kort varsel stilte i eitt av dei innleiande møta om sentrumsplan for Stryn. Ho og Johannes Gjerde Mangard nytta høvet til å formidle nokre av tankane elevråd og ungdomsråd har rundt sentrumsutviklinga.

Hybelhus: Mina Flo Håvik engasjerer seg i sentrumsplanarbeidet. Ho sit i elevrådet ved Stryn vidaregåande skule og peiker blant anna på hybelhus i tilknyting til skulen som ønska tiltak. 

Ingen vil flytte til Stryn viss det er heilt grått her

Nyhende

– Her tenkte vi eit hybelhus, seier Flo Håvik, og ser utover plenen som ligg nord for den vidaregåande skulen.