– Folk kan framleis kome med innspel til sentrumsplanen

Det er framleis muleg å kome med innspel til sentrumsplanen i følgje plan– og næringssjef Geirmund Dvergsdal. – Men det er no toget går, seier han.

Innspel: Plan- og næringssjef Geirmund Dvergsdal ønskjer framleis innspel til sentrumsplanen. 

Nyhende

Dvergsdal er tilfreds med dei innleiande rundane ein har hatt for meiningsutveksling og innspel til sentrumsplanen. Han fortel at dei sit att med 16 tettskrivne sider med fleire hundre innspel. Dette er ein godt i gang med å systematisere og skal gjerast tilgjengeleg for innbyggjarane.