Søkjer etter areal til ny brannstasjon

Stryn kommune søkjer etter lokale til ny brannstasjon.  Foto: Roy Aron Myklebust (arkiv)

Nyhende

Stryn kommune søkjer etter areal til ny brannstasjon.

– Stryn kommune ønskjer å kome i kontakt med eigarar av areal eller bygningar som kan eigne seg til lokalisering av ny brannstasjon, skriv kommunen på heimesida si.

Treng 3.000 kvadratmeter

Den nye brannstasjonen skal lokaliserast mellom Grønevik og Rise, og det samla arealbehov er 3.000 kvadratmeter, opplyser kommunen.

Kommunen ønskjer innspel til areal eller bygningar som kan nyttast til ny brannstasjon.

Dagens brannstasjon ligg bak Heradsheim i Stryn sentrum.