Kretsligaen:

Stryn vil avslutte med stil

Det er klart for siste serierunde i Kretsligaen, og Stryn tek turen til Sogn for møtet med Kaupanger laurdag.

Siste kamp: Stryn vil avslutte med stil mot Kaupanger.  Foto: Stig Høynes

Nyhende

Sjølv om sesongen sett under eitt har vore ein skuffelse for Stryn, så har dei siste kampane vist prov på betring. Geir Inge Rake sine elevar står med fire sigrar på rad og ønskjer å avslutte sesongen med ein ny trepoengar.

– Det hadde vore kjekt å avslutta sesongen med eit godt resultat borte mot Kaupanger. Det har blitt gjort mykje riktig på tampen av sesongen, seier Rake. Dette blir også Rake sin siste kamp som trenar for klubben.

Tre ute med karantene

Stryn må klare seg utan Mathias Garlid, Justinas Busmic og Sondre Erdal i denne kampen då alle er ute grunna karantene. Rake ser likevel ikkje mørkt på det.

– Fleire unge og lovande spelarar får dermed prøve seg.

Stryn ligg på 5. plass på tabellen, eitt poeng bak Studentspretten på 4. plass. Årdal toppar Kretsligaen, tre poeng framfor Førde. Årdal spelar borte mot Tornado/Måløy i siste runde, medan Førde tek i mot Eid.