13 mål på Lars Guddal

Målmaskin: Lars Guddal noterte seg for 13 nettkjenningar i 6. divisjon i år.  Foto: Thomas Thaule

Nyhende

Lars Guddal (45) vart Oppstryn sin toppscorar i 6. divisjon fotball denne sesongen. Spissveteranen noterte seg for 13 mål ifølgje fotballkrinsen sin statistikk. Guddal passerte også imponerande 400 mål for Oppstryn totalt tidlegare i sesongen.

Neste Oppstrynspelarar på lista er Andreas Sanchez Guddal og Tarald Harstad, begge med fem scoringar.

Hornindal

For divisjonskollega Hornindal vart Fredrik Nesje Lindvik og Mathias Pacheco Valle Grodås toppscorarar med fire mål kvar. Jan Åge Langeset, Tom-Øyvind Solheim, Vegard Åshamar Taklo og Darko Stojkovic noterte seg ifølgje fotballkrinsen for tre mål kvar.