900 tonn frukt og bær til Innvik Fruktlager:

Godt frukt- og bærår i Nordfjord

900 tonn frukt og bær, med ei verdiskaping til 30 millionar kroner, er frakta inn til fruktlageret i Innvik denne sesongen.
Nyhende

– Det enda med om lag 400 tonn bringebær, fortel dagleg leiar ved Innvik Fruktlager, Anita Roset. Ho er godt nøgd med resultat, som er betre enn fjoråret. Det var prega av litt frostskade. Dei nådde ikkje heilt målet for industribær, men konsum hadde ein svært god sesong. Det er trass alt det økonomisk viktigaste for produsentane.